Jordbruksmeldinga: Landbrukspolitikk krev god forvaltning og kompetanse!
Kommunal og regional landbruksforvaltning forvaltar årleg fleire milliardar kroner. Fellesskapet sine investeringar i landbruksnæring og norsk matproduksjon i heile landet har god oppslutning i folket. Framleis støtte til dette, og gjennomføring av den nye jordbruksmeldinga frå Stortinget, krev gode kompetansemiljø med kunnskap om næringa.
Ei viktig suksesshistorie i Norge er berekraftig bruk av naturressursar i heile landet basert på tillit mellom forvaltning og næringa. Eit eksempel på det unike norske landbruket med produksjon heilt opp til kanten av Barentshavet kan du lese her: «Verdens nordligste melkebruk lager den beste melka»
Norsk jordbruk og auka matproduksjon er avhengig av eit framleis godt samspel mellom bonde, næring og offentleg forvaltning. Legitimiteten til norsk landbruk og oppslutning blant folk og politikarar om støttenivå, er avhengig av høg tillit til systemet som forvaltar dei økonomiske verkemidla i jordbruksavtala og frå statsbudsjett.
Måla i den nye jordbruksmeldinga er avhengig av at kommunen oppfattar jordbruk og matproduksjon som ei viktig del av det lokale næringslivet. Kommuneleddet må prioritera god og tilstrekkeleg kompetanse i eigen organisasjon, medrekna jord- og skogbruksfagleg kompetanse.
Dei oppgåver som bør skje på regionalt nivå må skje i eit samla stort nok fagmiljø. Det er dårleg ressursbruk og gir svekka forvaltning dersom dette blir fragmentert og tilfeldig spreidd tynt utover mellom Fylkesmenn og fylkeskommune.
Til slutt. Landbruksforvaltninga i kommune og fylke er kompetansearbeidsplassar som gir ungdom med høgare naturvitskapleg utdanning høve til å arbeide og busette seg i heile landet, og på sin heimstad. Eit godt eksempel på det kan du lese her: «Trolig Norges yngste landbrukssjef».